Frivillige til Tysdagstrimmen
Tysdagstrimmen går lågterskel tur i Bømoen. kvar tysdag kl.11.00, alle som vil kan vera med.
Me treng frivillige som kan vera med å ta servera kaffi og boller/kaker etter turen i Viljarhuset. Her er det god stemning med mykje lått og løye. Av og til har me og med oss musikkinnslag som trekkspelmusikk og song. Jobben er enkel og består i å hente boller på Rema 1000 Palmafossen, koke kaffi, og laga klart til gjengen som kjem tilbake fra tur. Jobben er veldig givende og kjekk, mange gode samtaler og mykje latter.
Publisert 28.03.2019 00:00